Reidar Due
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Reidar Due (fødd 4. november 1922) er ein norsk gardbrukar og politikar, fødd i Oslo. Han representerte Senterpartiet på Stortinget i tida 1977-89. Børskommissær Reidar Due var farfaren.
Due var son til ein bankmann. Sjølv tok han eksamen ved Hvam landbruksskule i 1943. Allereie året etter tok han over storgarden Mo i Levanger, ein gard som farmor-slekta hadde eigd til dess.
Frå om lag 1960 og fram til 1998 sat i Due jamt i ein eller fleire leiande posisjonar i jord- og skogbruket, og/eller i dei tilhøyrande faglege organisasjonane. Han var styreformann 1960-78 i Bøndernes Salgslag, 1961-83 i Norske Skogindustrier, 1971-78 i Norges kjøtt- og fleskesentral og 1978-80 i Landbrukets Sentralforbund.
Due var medlem av Levanger kommunestyre og formannskap 1964-71, ordførar 1968-71. Han var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag fylkesting perioden 1976-79. I tida 1973-84 var han medlem av sentralstyret i Senterpartiet. Frå 1977 til 1989 representerte han så partiet frå Nord-Trøndelagsbenken i Stortinget. Han var då med i Industrikomiteen, der han var formann 1981-88. Den siste sesjonen, 1988/89, var han medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen.
Allereie i 1986 utnemnde Willoch-regjeringa Due til fylkesmann i Sør-Trøndelag, eit embete han tok til i hausten 1989 og hadde til han nådde aldersgrensa i 1992.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads