Reidar Larsen
norsk sangar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Reidar Larsen (fødd 12. mars 1955) er ein norsk blues-pianist, vokalist og komponist busett i Stavanger.
Remove ads
Karriere
Reidar Larsen flytte til Stavanger som femåring, og har vakse opp i byen. Han tok pianotimar frå sjuårsalderen, og starta band allereie på ungdomsskulen. Han var med på si fyrste plateutgjeving i 1974 med pop- og dansebandet Staccato, og han var med i rockegruppa Stavangerensemblet frå oppstarten i 1978 til 1980, og i musikkgruppa Smalhans frå 1980 - 1983. Sistnemnte gav ut to plater i tida Larsen spelte med dei.
Allereie i 1980 hadde Larsen starta Reidar Larsen Blues Kvartett, men han debuterte som soloartist med plateutgjevinga I'm a Bluesman i 1982. Oppfylgjaren Red, White and Blues kom i 1985, og You Don't Have to Be Black to Be Blue frå 1987 vart det fyrste soloalbumet hans som kom på VG-lista.
Seinare i karrieren har Larsen spelt inn album med backing-banda The Boogie Bastards (frå 1991) og The Storytellers (frå 1997). I 2006 spelte han inn duoalbum med den amerikanske gitaristen Roy Rogers. På plata Kom inn te oss frå 2009 hadde han gått over til å syngja på norsk, på stavangerdialekt.[1] For denne plata vann han Spellemannprisen 2009 i kategorien blues. Larsen har også opptrådt på Notodden Blues Festival og vunne Notodden Bluesfestivals bluespris.
Remove ads
Diskografi
- I'm a Bluesman (Desperado, 1982)
 - Red, White and Blues (Desperado, 1985)
 - You Don't Have to Be Black to Be Blue (Desperado, 1987)
 - Last Train Home (Desperado, 1990)
 - Boogie Bastard (Sonet, 1992)
 - Robbery (Sonet, 1993)
 - Storyteller (Sonet, 1997)
 - This One's on Me (Blue Jersey, 2001)
 - Crossing (Blå finger / Bare Bra Musikk, 2006) saman med Roy Rogers
 - Kom inn te oss (Blå finger / Universal, 2009)
 
Samle- og konsertalbum
- Blues i boks (Slagerfabrikken, 1990) samlealbum
 - Statement (Sonet, 1994) liveinnspilling i The Cotton Club, New York
 - Statement 2 (Sonet, 1995) liveinnspilling i The Cotton Club, New York
 - A Completed Statement (Sonet, 1995) Statement og Statement 2
 - Mr. Blues Is Coming to Town (Universal, 2003) samlealbum
 
Remove ads
Kjelder
- Store Norske Leksikon om Larsen, skrive av Jon Vidar Bergan.
 - Biografi frå Reidar Larsen si offisielle nettside.
 - Bokmålswikipedia om Reidar Larsen, henta inn 14. februar 2011.
 
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
