Rekonstruksjonstida

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rekonstruksjonstida
Remove ads

Rekonstruksjonstida i USA viser til tida etter den amerikanske borgarkrigen (1861-1865), både i tydinga av at store delar av landet måtte byggast opp att, og at Sørstatane måtte omformast frå slaveøkonomiar til statar der dei tidlegare slavane no var frie borgarar med borgarrettar. Såkalla radikale republikanarar ønska å skipa lovar, institusjonar og styresmakter som garanterte slike retter for alle amerikanarar, medan presidentane Abraham Lincoln og Andrew Johnson hella mot ei meir moderat linje for å prøva å stabilisera unionen att så raskt som mogleg.

Thumb
«The Rail Splitter Repairing the Union» av Joseph E. Baker. Politisk vitseteikning frå 1865 som viser Andrew Johnson og Abraham Lincoln som under Rekonstruksjonstida prøver å sy saman USA att med nål og tråd.

I denne tida fekk den amerikanske grunnlova tre endringar, kjend som Reconstruction Amendments. Desse avskaffa slaveriet og tvinga arbeid,[1] gav alle likt vern frå loven[2] og la ned forbod mot diskriminering på grunn av rase, hudfarge eller tidlegare stand.[3] Kongressen vedtok også den første borgarrettsloven, Civil Rights Act of 1875, som forbaud diskriminering på offentleg transport, offentlege stader og i juryar.[4] Men etter rundt eit tiår med raske endringar slo konservative krefter tilbake mange av dei, og rekonstruksjonstida blir sagt å enda i 1877, då dei siste føderale troppane blei trekte ut av Sørstatane.

Remove ads

Sørstatane i ruinar

Thumb
Dei fem militærdistrikta under Rekonstruksjonstida: ██ Første militærdistrikt ██ Andre militærdistrikt ██ Tredje militærdistrikt ██ Fjerde militærdistrikt ██ Femte militærdistrikt

Krigsinnsatsen og øydeleggingane under krigen, i tillegg til det store talet på døde, gjorde at Sørstatane mangla ein økonomisk infrastruktur.[5] Samstundes hadde plantasjeeigarane mista slavearbeidskrafta som dei hadde nytta til å produsera varene sine. Forsøk på å skipa ein New South for alle med nye jernbanar bygd med store subsidiar feila i stor grad på grunn av korrupsjon og motstand mot aukande skattetrykk.[6]

I 1867 la den radikale Kongressen 10 av Sørstatane under militær kontroll, fordelt på fem militærdistrikt. 20 000 føderale soldatar blei sende til distrikta.

Remove ads

Nye rettar for afroamerikanarar

Thumb
The Lord is My Shepherd (1863) av Eastman Johnson.
Thumb
A Visit from the Old Mistress (1876) av Winslow Homer.

For å gje dei rundt 4 millionar frigjevne slavane praktisk hjelp skipa kongressen U.S. Bureau of Refugees, Freedmen, and Abandoned Lands eller Freedmen's Bureau.[7] Det blei bygd mange nye statlege skular og ein del høgskular, noko som førte til ei dramatisk betring i kunnskapsnivået til afroamerikanarar. Medan rundt 70 % av afroamerikanarane i Sørstatane ikkje hadde kunna lesa og skriva før krigen, var eit fleirtal lesekunnige i 1900.[8][9]

Men dei frigjevne slavane blei ikkje gjevne landeigedommar slik mange meinte dei var blitt lova. I staden ende mange av dei opp som leiglendingar (sharecroppers) under dårlege kår på dei tidlegare slaveplantasjane sine. Andre flytta inn til byane,[10] der dei fekk dei dårlegast betalte jobbane, til dømes som kroppsarbeidarar og tenestefolk.

Etter at afroamerikanarar fekk røysterett også i Sørstatane blei fleire av dei folkevalde på lokalt, delstats- og føderalt nivå. Medan ingen afroamerikanarar hadde vore folkevalde i Sørstatane ved byrjinga av 1867, var «rundt 15 % av dei folkevalde i Sørstatane» afroamerikanske tre-fire år seinare.[11] Seksten afroamerikanarar blei valde inn i Kongressen under Rekonstruksjonstida.[6] Desse tala var likevel ikkje proporsjonale med talet på afroamerikanske borgarar, som i 1860 utgjorde eit fleirtal i Mississippi og Sør-Carolina, 47 % i Louisiana, 45 % i Alabama og 44 % i Georgia og Florida,[12] Den plutselege auken av afroamerikanarar i maktposisjonar førte likevel til bitter motstand frå dei som var negative til rekonstruksjonen.[6]

Remove ads

Tilbakeslag

Demokratane i Sørstatane var tidleg ute med å innføra lovar som avgrensa fridommen til afroamerikanarar, ofte gjennom strenge lausgjengarlover som kunne fengsla frie afroamerikanarar for små lovbrot og senda dei på tvangsarbeid.[13]

Andre motstandarar gjekk meir valdeleg til verks. Organisasjonar som Ku Klux Klan, Red Shirts og White League blei skipa på denne tida, og mishandla eller drap republikanske leiarar eller afroamerikanarar som hevda rettane sine i høve til dei kvite.[6]

Frå 1870-talet førte ei rekkje avgjerder frå den amerikanske høgsteretten til at rettane frå rekonstruksjonslovane blei kraftig innskrenka.[6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads