Rekviem av Mozart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rekviem i d-moll (K. 626) av Wolfgang Amadeus Mozart vart komponert i Wien i 1791 og ikkje gjort ferdig før han døydde den 5. desember det året. Verket vart skrive ferdig av Franz Xaver Süssmayr og gjeve til grev Franz von Walsegg, som hadde bestilt stykket anonymt etter at kona hans døydde den 14. februar.

Det er eitt av dei mest myteomspunne musikkverka gjennom tidene, hovudsakleg på grunn av dei mange mytane og kontroversane kring det, særleg omkring kor mykje av stykket som var ferdig før Mozart døydde. Det signerte manuskriptet syner kva som faktisk var ferdig, men ein kjenner ikkje til kor mykje Süssmayr kan ha nytta seg av no tapte utkast for resten. Han hevda sjølv at han skreiv Sanctus og Agnus Dei. Walsegg hadde truleg tenkt å spreie rekviemet som sin eigen komposisjon, som han hadde gjort med andre verk, men dette vart forpurra då enka etter Mozart, Constanze, fekk verket framført offentleg. Skodespelet og filmen Amadeus medverka til myta omkring rekviemet, då bodbringaren til bestillaren var ein maskert Antonio Salieri som ønskte å kalle verket sitt eige.
Rekviemet er skriven for to bassetthorn i F, to fagottar, to trompetar i D, tre trombonear (alt, tenor & bass), pauker (to trommer), fiolinar, bratsj og basso continuo (cello, kontrabass og orgel). Vokalen bestod av sopran-, kontralt-, tenor- og bass-solistar og eit blanda kor.
Remove ads
Struktur
Sussmayr-versjonen av rekviemet er delt inn i fjorten satsar:

- I. Introitus: Requiem aeternam (kor og sopran solo)
- II. Kyrie eleison (kor)
- III. Sequentia (tekst basert på delar av Dies Irae):
- IV. Offertorium:
- Domine Jesu Christe (kor med solokvartett)
- Versus: Hostias et preces (kor)
- V. Sanctus:
- Sanctus Dominus Deus Sabaoth (kor)
- Benedictus (solokvartett, så kor)
- VI. Agnus Dei (kor)
- VII. Communio:
- Lux aeterna (sopran solo og kor)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads