Cello

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cello
Remove ads

Cello er eit strykeinstrument som er det djupaste i den moderne fiolinfamilien. Kontrabassen er det djupaste strykeinstrumentet, men blir ikkje rekna med i denne familien. I noteskrift blir cellostemmen vanlegvis notert i F-nøkkel, samt i C-nøkkel eller G-nøkkel i høgare register. Strengene er stemde i kvintar, nedanfrå og opp: C, G, d og a. Registeret til celloen spenner over heile fire og ein halv oktav, utan å rekna med flageolettar. Instrumentet har vanlegvis ein varm og fyldig klang, og det store toneregisteret gjer det godt egna både som solo- og ensembleinstrument.

Kjappe fakta Strengeinstrument, Andre namn ...
Remove ads

Celloen finst i fleire ulike konstruksjonsmønster, som stammar frå dei viktigaste fiolinmakarane gjennom historia. For celloens del er Antonio Stradivarius, Nicolo Amati, Matteo Gofriller og Domenico Montagnana nokre av desse, og deira konstruksjonsmønster blir kopierte den dag i dag.

Thumb
Cellisten Pieter Wispelwey i 2007.

Celloen blir halden mellom knea og blir støtta mot golvet med ei utfaldbar støtta.

Ein person som spelar cello blir kalla ein cellist. Historisk viktige cellistar er mellom andre, Pau Casals, Gregor Piatigorsky, Jaqueline du Pré, Mstislav Rostropovich og Pierre Fournier. Blant dei nålevande kan ein nemna Lynn Harrell, Yo-Yo Ma, Janos Starker, Frans Helmerson og Truls Mørk.

I den seinare tida har ein variant av celloen kalla elcello dukka opp på marknaden. Dette gir nye moglegheiter for å bruka celloen til andre stilartar enn klassisk musikk.

Ordet «cello» er ei forkorting for italiensk violoncello, som tyder 'liten kontrabass'. På norsk kan ordet uttalast «sello» eller «tsjello».[1]

Remove ads

Lydeksempel

Galleri

Fotnotar

Kjelde

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads