Reluktans

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Reluktans, tidlegare kalla magnetisk motstand, er forholdet mellom magnetisk potensialdifferens (amperevindingstalet) og magnetisk fluks. For ein homogen jamtjukk stav med tverrsnitt A og lengde l er reluktansen lik

der μ er permeabiliteten for materialet i staven. For eit magnetisk krinslaup i eit ikkje-homogent stoff er reluktansen lik summen av reluktansane for dei enkelte delane. For ein elektromagnet med jernkjerne og eit lite luftgap er den resulterande reluktansen særs nær lik reluktansen for luftgapet, fordi permeabiliteten for jern er særs mykje større enn for luft. Reluktansen vert målt i invers henry, H–1.

Spesifikk reluktans vert kalla reluktivitet. Inversverdien av reluktans vert kalla permeans.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads