Remi Andersen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Remi Andersen (fødd 16. juli 1973) er ein tidlegare langrennsløpar. Han var svært lovande som junior med sølvmedalje og fjerdeplass under junior-VM 1993. På 30 km vart han då berre slegen av landsmannen Kjetil Juul Pedersen, men kom klart føre bronsemannen Mathias Fredriksson frå Sverige.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Andersen vann som senior to sølvmedaljar under noregsmeisterskap. I 1996 vart han berre slegen av Thomas Alsgaard på tremila, og i 2000 var det einast Tore Olsen som gjekk fortare på NM-femmila i Vang i Hedmark. Han debuterte i verdscupen i 1995 med femmila i Holmenkollen og vart nummer 57. Den beste plasseringa hans i verdscupen vart ein niandeplass i Nove Mesto i 2002. Andersen tevla for Bækkelagets Sportsklubb.

Besteplasseringar i verdscuprenn

  • 1996: Nr 16 på 10 km i Falun
  • 1999: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen
  • 2000: Nr 21 på 72 km i Lamoura Mouthe
  • 2002: Nr 9 på 15 km i Nové Město
  • 2005: Nr 12 på 15 km i Nové Město

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads