Renée Colliard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Renée Colliard
Remove ads

Renée Colliard (24. desember 193315. desember 2022) var ein sveitsisk skirennar og apotekar. Colliard, som var frå Genève, vart olympiameister i slalåm i 1956.

Kjappe fakta

Colliard kvalifiserte seg til den sveitsiske OL-troppen 1956 med ein andreplass i eit renn i Grindelwald, kort før leikane tok til. I den olympiske tevlinga i Cortina d'Ampezzo overraska ho alle med å gå heilt til topps. Med startnummer 1 rann ho fortast av samtlege deltakarar i begge omgangane, og sikra seg gullmedaljen i slalåmtevlinga. Med tida 1.52,3 var ho heile 3,1 sekundar føre sølvvinnaren Regina Schöpf frå Austerrike.

I 1960 gifta Colliard seg og slo seg ned i Montana i kantonen Valais som apotekar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads