Renée Zellweger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Renée Zellweger
Remove ads

Renée Kathleen Zellweger (fødd 25. april 1969) er ein amerikansk skodespelar og filmprodusent. Zellweger blei først vidkjend for rolla si i filmen Jerry Maguire (1996), og fekk deretter to nomineringar for Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Bridget Jones i komedien Bridget Jones' dagbok (2001) og som Roxie Hart i musikalen Chicago (2002). Ho vann Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si i dramaet Cold Mountain (2003).

Zellweger har vunne tre Golden Globe-prisar og tre Screen Actors Guild Awards. Ho blei utnemnd til årets kvinne av Hasty Pudding i 2009,[1] og etablerte seg som ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood på 2000-talet.[2]

Remove ads

Biografi

Mor til Zellweger, Kjellfrid Irene Andreassen, voks opp på Ekkerøy ved Vadsø i Finnmark.[3] Ho møtte sveitsiske Emil Zellweger på Hurtigruten, og dei gifta seg i 1963.[3] Dei fekk sonen Drew i 1967, og Renée blei fødd i 1969 då dei budde i Baytown i Texas.[4] Den sterke norske aksenten til mora gjorde at Renée òg snakka med aksent, noko ho blei mobba for som liten. Ho skifta til brei Texas-aksent som niåring, då familien flytta til byen Katy utanfor Houston i Texas.[5]

9. mai 2005 gifta Renée seg med den amerikanske countryartisten Kenny Chesney. I september same året søkte dei om å få ekteskapet annullert, etter berre fire månader som ektefolk.[6]

Remove ads

Karriere som skodespelar

Zellweger slo gjennom i 1996 med filmen Jerry Maguire. Sidan har ho hatt fleire store roller i Hollywood, blant anna Jeg, meg og Irene og Bridget Jones' Dagbok, sistnemnde fekk ho ein oscarnominasjon for. Ho var òg med i suksessfilmen Chicago som fekk fleire oscarprisar. Ho blei etterkvart ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood. For rolla som Ruby Thewes i filmen Cold Mountain vann ho ein Oscar for beste kvinnelege birolle. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Zellweger har òg vore med å produsera to filmar, Miss Potter (2006), og Living Proof (2008).

Remove ads

Filmar

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads