Replay av Tamta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Replay» (norsk 'spel om att') er ein song som vert framført av den gresk-georgiske songaren Tamta.[1] «Replay» var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019, der han enda på 13. plass i finalen. Artisten og songtittelen vart offentleggjorde av kringkastaren CyBC 21. desember 2018. Songen er skriven av den svensk-greske låtskriveren Álex «Alex P» Papaconstantínou og vart utgjeven 5. mars 2019.[2]
Remove ads
Eurovision Song Contest

«Replay» var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019, etter at den kypriotiske kringkastaren valde artisten Tamta til å representere landet.[3] Songen vart offentleggjord i februar 2019 og utgjeven i mars.
28. januar 2019 heldt EBU ei loddtrekking for å avgjere i kva for ein av dei to semifinalane songen skulle delta. Kypros vart trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 14. mai 2019. «Replay» var det fyrste bidraget på scena og opna semifinalen.[4] Songen var òg blant dei ti songane som kvalifiserte seg til finalen 18. mai.[5] I finalen vart «Replay» nummer 13 av 26 bidrag.[6]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads