Reprise 1990–1999

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Reprise 1990–1999 er eit samlealbum av Vangelis frå 1999.

Meir informasjon Vangelis-kronologi ...

Det inneheld musikk frå «East West»-albuma gjevne ut i 1990-åra, med to spor som ikkje tidlegare var gjeven ut. «The Theme from Bittermoon» er opningstemaet til filmen i ein nyinnspelt versjon, medan «Psalmus Ode» er ei nyinnspeling av temaet for filmen The Plague. Begge desse filmane kom ut i 1992.

Dei andre spora kjem frå dei vanlege «East West»-albuma: Spor 3, 4, 5, 7 og 11 kjem frå 1492: Conquest of Paradise, spor 1, 2 og 8 frå Oceanic, spor 6 og 17 frå Voices, 16 frå The City, 13 frå Blade Runner og 9, 10 og 14 frå El Greco.

Spora har blitt blanda inn i kvarandre, slik det vart gjort på den tidlegare samleplata Portraits. For dette vart det lagt til nokre ekstra lydeffektar, som nokre få horn frå «Bon Voyage» til «Dreams of Surf» og ein kortare paukerull i starten av «Monastery of La Rabida».

Remove ads

Innhald

All musikk komponert av Vangelis

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads