Republikken Finnskogen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Republikken Finnskogen er ei årleg feiring over tre dagar av finnekulturen, halden i samband med Finnskogdagane. Her blir eit lite område av Finnskogen lausrive til ein republikk, som har sitt eige flagg, og blir leidd av presidenten til republikken, og ei regjering som blir vald kvart år. Åstaden er Svullrya i Grue. Av presidentar kan nemnast Åsta Holth som hadde tittelen i ei årrekkje.

Thumb
Republikken Finnskogens flagg.

Flagget til republikken vart utvikla til Finnskogdagane i 1978. Det har kross som det norske, men med krossen lengst vekk frå flaggstonga, og med fargane grønt, kvitt og svart. Seinare har flagget vore heist formelt og høgtideleg kvart einaste år under opninga (og samtidig proklameringa) av Republikken Finnskogen.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads