Republikken Texas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Republikken Texas
Remove ads

Republikken Texas var ein uavhengig nasjon i Nord-Amerika i mesta ti år, mellom 2. mars 1836 og 29. desember 1845.

Thumb
Flagget til Republikken Texas, kalla The Lone Star flag
Thumb
Våpenet til Republikken Texas

Republikken Texas erklærte seg som uavhengig stat frå Mexico i 1836 og omfatta heile det noverande Texas og delar av New Mexico, Oklahoma, Kansas, Colorado og Wyoming. Grensa mot USA vart nedfelt i Adams-Onis-traktaten frå 1819 mellom USA og Spania. Grensa i sør og vest mot Mexico var omstridt i heile tidsperioden republikken fanst. Texas hevda at elva Rio Grande var grensa og Mexico at det var elva Nueces som var dette. Denne usemja utløyste seinare den meksikansk-amerikanske krigen etter at USA annekterte Texas i 1845.

I striden som oppstod mellom Mexico og Texas fire dagar etter lausrivinga, vart 183 amerikanarar drepe da tusenvis meksikanske soldatar leidde av general Antonio López de Santa Anna storma Alamo-fortet, etter at fortet først hadde vore omringa ein periode. Mellom dei drepne i slaget ved Alamo var oberst Jim Bowie og kongressmannen Davy Crockett. I fridomskampen for Texas etter dette, vart slagordet «Hugs Alamo!» (eng. Remember the Alamo!) bruka. Den 21. mars 1836 sigra styrkane til Republikken Texas, leidde av general Sam Houston, over meksikanarane i Slaget ved San Jacinto, sikra sjølvstendet til den nye repubikken og gjorde slutt på krigen mellom Mexico og Texas.

Replikken Texas opphøyrde i desember 1845 da Texas vart annektert av USA som den 28. delstaten.

Remove ads

Presidentar og visepresidentar

Thumb
Samuel Houston var president for republikken to gonger
Meir informasjon Frå, Til ...
Remove ads

Kjende personar

Thumb
Stephen F. Austin, kjent som «Texas' far» (Father of Texas)
  • Stephen F. Austin
  • Jim Bowie
  • Davy Crockett
  • Albert Sidney Johnston
  • José Antonio Navarro
  • James C. Neill
  • Juan Seguin
  • William B. Travis
  • Isaac Van Zandt
  • Edwin Waller
  • William H. Wharton
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads