Resonatorgitar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Resonatorgitar
Remove ads

Resonatorgitar er ei vidareutvikling av den akustiske gitaren, og blant anna eit resultat av behovet for ein gitar som laga meir lyd på ei tid då det ikkje var aktuelt å forsterka han elektrisk. Gitartypen byrja å få fotfeste i brassband på 1920- og 1930-talet, og blei etter kvart eit vanleg instrument innan bluegrass og blues.[1]

Kjappe fakta Klassifisering ...
Remove ads

Skildring

Lyden blir laga ved at lokket på gitaren (soundboard) blir bytta ut med metallkjeglar som mottar vibrasjonar frå brua, og sender han tilbake forsterka og med ein umiskjennelig klang som er lagt til av metallet. Gitaren blir produsert som square neck og round neck, der førstnemnde er forma for å liggja i fanget medan ein spelar (lap style), og den runde halsen er forma til vanleg speling. På begge typane er det òg vanleg å heva strengane slik at ein kan nytta ein teknikk som slide, som gjev ei glissandoeffekt som er typisk for gitartypen.[2]

Dobrogitarar er opphavleg eit bestemt merke resonatorgitar, men har hatt så store marknadsdelar at «dobrogitar» i daglegtale er blitt synonymt med resonatorgitar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads