Rettferd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rettferd eller rettvise er eit omgrep som står sentralt i all moral, rettsorden og religion, så vel som dagleglivet.[1] Det finst ikkje nokon allmenngyldig definisjon av omgrepet, og det finst eit mangfald av teoriar og definisjonar av kva som er rettferdig innan skjønnlitteratur, filosofi, politikk, teologi og antropologi.[2]

Remove ads
Historie
Rettferd er ein av dei fire klassiske kardinaldydane, og John Rawls hevdar at «Rettferd er den viktigaste dyden for sosiale institusjonar, slik sanning er det for system og tankar».[3]
I antikken vart rettferd alltid logisk, eller etymologisk, sett opp mot urettvise. Etter andre verdskrigen utfordra fleire denne dualismen,[4] sidan rettferd skil frå seg gjevmilde, nestekjærleik, nåde, sjenerøsitet eller medkjensle – sjølv om desse ofte vert sett i samanheng med rettferd.[5][6]
Remove ads
Forståing
Forståinga av rettferd vert påverka av kulturen, historie, mytologi og/eller religion. Etikken til kvar kultur utformar verde som påverkar oppfatninga av rettferd. Forsking viser at at oppfatninga til barn av rettferd vert endra med alderen.[7]
Rettsfilosofi
Den danske rettsfilosofen Alf Ross seier at dersom rettferd vert sett på som synonymt med likskap, og «dei like skal verta likt handsama», så kan rettferd sest på som ein subjektiv kjensle.
Politisk filosofi
Klassisk liberalisme ser på likskap for lova som eit viktig prinsipp for å oppnå rettferd. John Locke meinte at rettferd har utgangspunkt i naturretten, og at rettferd er at individ eller grupper skal få som fortent. Rettferdig fordeling, og sosial rettferd er syn på rettferd som pregar delar av politikken. Karl Marx såg på det å «yta etter evne, motta etter behov» som rettferd, medan meritokratar meiner at å motta i samsvar med arbeid og evne er meir rettferdig. Andre ser på rettferd som gudgjeve, som eit harmonisk tilhøve, eller som ein sosial kontrakt. Utilitaristar som John Stuart Mill ser på det valet som gjev best resultat – er mest rettferdig, og at rettferd slik er underordna resultatet.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads