Revivim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Revivim (hebraisk skrift רְבִיבִים, tyder 'Regnbyer') er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg kring ein halvtime sør for Beersheba og høyrer til Ramat HaNegev regionale kommune. Han har eit folketal på kring 800.
Remove ads
Historie
Samfunnet vart danna i 1943 i Rishon LeZion med hjelp av den britiske regjeringa og unge immigrantar frå Austerrike, Italia og Tyskland, som alle var medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed og som hadde fått opplæring ved kibbutzen Givat Brenner. Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 7. juli 1943 som ein av Dei tre utkikkspunkta, og heitte først Tel HaTzofim (tyder Speidaråsen). Han fekk seinare namnet Revivim av Berl Katznelson etter magasinet der Yosef Haim Brenner var redaktør (og som Givat Brenner vart kalla opp etter). Namnet er òg henta frå Bibelen og Salme 65:11: «Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde.»[2]
Nær kibbutzen står Mizpe Revivim (tyder Revivim-utkikken), eit museum som syner historia til «utkikkspunktet» og hendingane under den arabisk-israelske krigen i 1948 nord i Negev.[3]
Remove ads
Kjende innbyggjarar
- Golda Meir, seinare statsminister i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads