Ricky Skaggs
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rickie Lee Skaggs[1][2] (fødd 18. juli 1954),[6] kjend under artistnamnet Ricky Skaggs, er ein USA-amerikansk country og bluegrass-songar, musikar, produsent og komponist. Han speler hovudsakleg mandolin, men han speler òg fele, gitar, mandocaster og banjo.
Skaggs vart innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i 2016 og Country Music Hall of Fame i 2018.[7]
Berre sju år gammal spelte Skaggs på fjernsyn på countryshowet til Martha White i lag med Lester Flatt og Earl Scruggs. Tidleg i 1970-åra spelte han med Ralph Stanley. Skaggs vart sidan med i The Country Gentlemen i Washington, DC. I 1976 skipa Skaggs det progressive bluegrassbandet Boone Creek, med Vince Gill og Jerry Douglas. I eit par år var Skaggs medem av Emmylou Harris sitt Hot Band. Han var med å arrangere det bluegrass-aktige albumet til Harris i 1980, Roses in the Snow.
Skaggs starta sin eigen countrykarriere i 1980 og fekk 12 førsteplassar på countrylista, 8 CMA-prisar og 8 ACM-prisar. I 1982 vart han medlem av Grand Ole Opry, som den yngste nokon gong til å bli innlemma på den tida.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads