Riedgletscher

From Wikipedia, the free encyclopedia

Riedgletschermap
Remove ads

Riedgletscher er ein dalbre i nordskråninga av Mischabel, eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i kantonen Wallis i Sveits. Isbreen er 6,3 km lang, og i den øvre delen opptil 2 km brei. I 1973 hadde han eit areal på 8,22 km².

Thumb
Fjellet Nadelhorn med Riedgletscher til høgre
Kjappe fakta Område, Lengd ...

Riedgletscher har utgangspunktet sitt i 4 200 meters høgde på den snødekte nordsida av Nadelhorn. Over eit stup flyt breen nordover og breier seg ut, i ei høgde på kring 3 400-3 600 meter over havet, i eit vidt dalsøkk , avgrensa av Dürrenhorn i vest og Balfrin i aust. Vidare sig Riedgletscher mot nordnordvest i ein dal med Breithorn i vest og Färichhorn i aust. Bretunga smalnar fort inn og endar på rundt 2 100 m. Smeltevatnet frå breen renn ned i elva Riedbach, som munnar ut i elva Vispa ved Sankt Niklaus i dalen Mattertal.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads