Rindal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rindal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Rindal kommune i Trøndelag. Tettstaden ligg ved fylkesveg 340 vest for Igltjønna, like aust for elvemøtet mellom Surna og bielva Rinda. Rindal er den einaste tettstaden i kommunen og har 725 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Tettstaden Rindal består av sjølve sentrum og buområda Brandhaugen, Vestre, Nordre, Gjøåbakken og Kirklandet. Tettstaden har atskilleg trevare- og næringsmiddelindustri. På torget i sentrum står ein statue av den gamle verdsmeisteren i langrenn og kombinert, Sigurd Røen. I sentrum står også fleirbrukshuset Rindalshuset med mellom anna idrettshall, styrkerom, klatrevegg, basseng, kinosal og bibliotek. I nærleiken ligg Rindal barne- og ungdomsskole, Rindal barnehage, Rindal bygdemuseum og ein grusbane. Sør for tettstaden står Rindal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1874.[1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads