Ringblom

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ringblom
Remove ads

Ringblom (Calendula officinalis) er ein eitt- eller toårig plante i korgplantefamilien kjenneteikna av gule eller oransje blomar med mange kronblad. Ringblom er ein utbreidd hageplante som finst i mange variantar.

Thumb
Teikning av ringblom med typiske kjenneteikn.
Kjappe fakta

Ringblome stammar truleg frå sørlege Europa, men har vore dyrka i lang tid og har forvilla seg ei rekkje stader.

Planten blir opptil 60 cm høg og har lansettforma, lyst grøne blad. Blomane kan vera enkle eller fylte, og fargane kan variera frå raudoransje til lysegul. Dei opnar seg mest når det er varmt og sola skin.

Planten kan etast og er blitt brukt som legeurt gjennom tidene. Ein har også brukt blomane som plantefarge for klede, mat og til kosmetikk.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads