Ringenes herre: Ringens brorskap
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ringenes Herre: Ringens brorskap (originaltittel: The Lord of the Rings: The Fellowship of the Ring) er ein fantasy-spelefilm frå 2001 med regi av Peter Jackson. Filmen er basert på den fyrste boka i boktrilogien Ringdrotten av professor J.R.R. Tolkien.
Filmen kom ut den 10. desember 2001. Han vart nominert til tretten Oscar-prisar og vann for beste cinematografi, beste sminke, beste originalmusikk og beste visuelle effektar. I 2002 kom den utvida versjonen av filmen på DVD og VHS. Heile filmen er spelt inn på New Zealand.
Remove ads
Handling
Filmen startar med stemma til Galadriel (Cate Blanchett) som fortel om korleis dei store maktringane vart smidde. Tre ringar vart gjevne til alvane, sju til dvergane og ni til menneska, men den vonde Sauron (Sala Baker) smidde i løyndom ein herskarring som kunne styra alle dei andre. Med den kunne Sauron ta over heile Midgard. Filmen skildrar eit stort slag i fortida der alvane og menneska gjekk saman mot hærstyrkane til Sauron. Då Sauron hadde drepe kong Elendil (Peter McKenzie), plukka prins Isildur (Harry Sinclair) opp det brotne sverdet til faren og hogg fingeren av handa til Sauron. Det snudde slaget og menneska og alvane vann medan Sauron vart øydelagt.
Etter dette beheldt Isildur ringen, men han blei som besett av han. Filmen skildrar det som at maktringen har sin eigen vilje og at ringen sveik Isildur. Isildur mista ringen i elva Anduin, der han blei liggjande til ingen lenger visste kva som hadde skjedd med han. Flere tusen år seinare blei ringen plukka opp att. Den nye eigaren blei skapningen Gollum (Andy Serkis), som fekk eit unaturleg langt liv av ringen. Deretter blei ringen funnen av hobbiten Bilbo Lommelun (Ian Holm) som møtte Gollum i ei fjellgrotte.
Etter denne innleiinga skildrar filmen feiringa av 111-årsdagen til Bilbo i Hobbitun. Medan Bilbo held tale under feiringa, brukar han ringen til å gjera seg usynleg og går vekk frå Hobbitun i løyndom. Berre vismannen Gandalv (Ian McKellen) skjønar kva som har skjedd med Bilbo. Gandalv tek til å mistenkja at det er noko spesielt med ringen som Bilbo har. Frodo Lommelun (Elijah Wood), som arvar heimen til Bilbo og alt han elles eig, får beskjed om å ta vare på ringen medan Gandalv reiser av garde for å undersøkja meir.
Etter ei tid kjem Gandalv att til Hobbitun og ber Frodo kasta ringen i peisen. Då kjem det fram ein innskripsjon på ringen:
Ash nazg durbatulûk, ash nazg gimbatul,
Ash nazg thrakatulûk agh burzum-ishi krimpatul.
Då skjønar Gandalv at ringen til Frodo er Den Eine Ringen som vart smidd av Sauron. Han forklarer for Frodo at Sauron ikkje er død. Ånda hans overlevde, men han er enno ikkje sterk nok til å ta fysisk form. Styrkane hans veks i landet Mordor i aust, og alt Sauron treng no, er å bli sameint med ringen sin for å kunna herska over heile Midgard. Den einaste staden der ringen kan øydeleggjast er i Dommedagsberget i Mordor, der han blei smidd.
Dei bestemmer at Frodo tar ringen med seg og reiser frå Hobbitun saman med Samvis Gamgod (Sean Astin). På vegen vert dei forfulgde av ringskrømta, mørke ryttarar til hest, korkje levande eller døde. I Kløvendal møter dei alven Elrond (Hugo Weaving) som kallar inn både Frodo og Samvis, alvar, dvergar og menneske til råd for å avgjera kva som skal gjerast med ringen. Der bestemmer dei at ringen må øydeleggjast og Frodo melder seg til å bera ringen til Dommedagsberget. «Ringens Brorlag» blir forma for å hjelpa Frodo med oppgåva. Det består av Frodo, Samvis, Gandalv, Aragorn (Viggo Mortensen), hobbitane Peregrin Tók (Billy Boyd) og Muntiadok Brennibukk (Dominic Monaghan), Boromir (Sean Bean), alven Legolas (Orlando Bloom) og dvergen Gimli (John Rhys-Davies).
Remove ads
Rolleliste
Skodespelarane som vart nytta i filmen kom frå både USA, England, Skottland, New Zealand, Australia og Wales. I filmen vert det snakka både britiske dialektar og sindarin-alvisk, eit språk som J.R.R. Tolkien konstruerte sjølv.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads