Rinjani
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gunung Rinjani er ein 3 726 meter høg stratovulkan på øya Lombok i Indonesia. Han er den nest høgste vulkanen etter Kerinci, og også det nest høgste fjellet i landet.

Rinjani er ein av vulkanane som høyrer til vulkanbogen Sunda-bogen. Vulkanbogen oppstod gjennom subduksjon av den oseaniske jordskorpa, som høyrer til den australske tektoniske plata. Vulkanane i Sunda-bogen er for størstedelen høgeksplosive. Rinjani ligg ikkje særleg langt frå Tambora, som hadde eit svært kraftig utbrot i 1815.
Gunung Rinjani nasjonalpark vart oppretta i 1997, fjellet er såleis verna. I den 6 x 8,5 km vide kalderaen ligg den 230 meter djupe kratersjøen Segara Anak. Meir enn 20 landsbyar ligg om kring det som innbyggarane ærar for å vere eit heilag fjell.
Dei siste større vulkanutbrota fann stad i mai 2009 og i mai 2010.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads