Ripon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Riponmap
Remove ads

Ripon er ein by i grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 16 000 innbyggjarar og er ein katedralby og marknadsby som ligg der elvane Ure, Laver og Skell renn i hop. Byen er kjend for Riponkatedralen og Ripon Racecourse. Sjølve byen er litt over 1300 år gammal og er ein av berre to byar med status som city i North Yorkshire. Den andre er York.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Byen vart opphavleg kalla Inhrypum og vart grunnlagd av den heilage Wilfrid i tida til anglar-kongedømet Northumbria. Etter ein periode under vikingane gjekk byen til Cerdic-dynastiet som samla England og så under normannarane som øydela mykje av byen. Etter ein kort periode med utbyggingar under Plantagenet-familien, vart byen ein viktig stad for ull- og tekstilproduksjon. Ripon vart kjend for produksjon av sporar på 1500- og 1600-talet, men endra seg ikkje stort før den industrielle revolusjonen.

Historisk var byen ein del av West Riding of Yorkshire. Ripon er den fjerde minste byen med status som city i England. Han ligg 18 km sørvest for Thirsk, 26 km sør for Northallerton og 19 km nord for Harrogate. I tillegg til katedralen og bilbanen trekkjer Ripon turistar fordi han ligg nær verdsarvstaden Studley Royal Park og Fountains Abbey.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads