Rise Up av Freaky Fortune feat. Riskykidd

song av Freaky Fortune feat. Riskykidd From Wikipedia, the free encyclopedia

Rise Up av Freaky Fortune feat. Riskykidd
Remove ads

«Rise Up» er ein song av Freaky Fortune feat. RiskyKidd som vart gjeven ut 5. mars 2014 av Panik Records. Songen er skriven av Freaky Fortune og RiskyKidd.

Kjappe fakta Eurovision Song Contest 2014, Resultat ...
Remove ads

Eurovision

«Rise Up» var eit av bidraga i EUROSONG 2014 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen vart framført på engelsk av Nikólas Raptákis, Theófilos Pouzboúris og Riskykidd under aliaset Freaky Fortune feat. RiskyKidd, og vann tevlinga med 36,83 prosent av røystene.

Songen vann EUROSONG 2014 - a MAD show og representere Hellas i Eurovision Song Contest 2014. Bidraget vart framført på engelsk av Freaky Fortune feat. RiskyKidd i den andre semifinalen, og enda på sjuandeplass med 74 poeng; tolv frå Kviterussland, åtte frå Malta, sju frå Romania, seks frå Israel, Noreg, Tyskland og Italia, fire frå Finland, Irland og Sveits, tre frå Georgia, Austerrike og Slovenia og eitt frå Polen og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på femteplass med 91 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på niandeplass med 52 poeng.[1] Landet kvalifiserte seg til finalen der bidraget enda på 20. plass med 35 poeng; sju frå Armenia, seks frå Kviterussland, fire frå Aserbajdsjan, Russland og Georgia, tre frå Italia og to frå Albania, Storbritannia og Israel. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 14. plass med 43 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 19. plass med 49 poeng.[1] Poenga frå telefonrøystinga inkluderer poenga frå den albanske og sanmarinske juryen, medan poenga frå juryrøystinga inkluderer poenga frå dei georgiske telefonrøystene. Dette er saman med bidraget frå 1998, den dårlegaste plasseringa til eit gresk bidrag i Eurovision Song Contest.

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2014), Plassering ...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads