Rivaldo

brasiliansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rivaldo
Remove ads

Rivaldo Vítor Borba Ferreira, mest kjend som Rivaldo (fødd 19. april 1972) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar som i 2002 vart verdsmeister med Brasil sitt landslag, fire år tidlegare vann han VM-sølv i Frankrike.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Karriere

Rivaldo hadde ein fattig oppvekst i delstaten Pernambuco i det vestlege Brasil. Han vart med i sin fyrste fotballklubb, Paulista i 1989. To år seinare fekk han spela for Santa Cruz eit år før han gjekk over til Mogi Mirim. Fram til 1996 spelte han for fleire klubbar i heimlandet, men i 1996 debuterte han for internasjonal fotball då han vart overført til spanske Deportivo de La Coruña. Rivaldo vart teken inn på det brasilianske U20-landslaget i 1992, og kom med på A-landslaget året etter.

Rivaldo var med på den brasilianske fotballtroppen i Sommar-OL 1996 i Atlanta, då Brasil vann bronse. Diverre vart Rivaldo utestengd frå landslaget ei tid etter dette, truleg fordi han fekk skulda for at Brasil tapte semifinalen mot Nigeria. Han vart teken inn att på landslaget til Fotball-VM 1998, då han skåra tre mål.

Klubben Rivaldo har spelt flest kampar for er FC Barcelona, som han gjekk over til frå Deportivo de La Coruña. Han spelte 235 kampar for klubben frå 1997 - 2002, og skåra heile 130 mål. I 2002 skåra Rivaldo til saman fem mål for Brasil i Fotball-VM 2002, då Brasil vart verdsmeistrar.

Rivaldo har ikkje spelt for landslaget sidan 2003. Etter det har han spelt for klubbar i Italia, Brasil, Hellas og Usbekistan før han vendte tilbake til heimlandet i 2011 for å spela for Mogi Mirim att.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads