Rize
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rize (gresk Ριζούντα, Rizounda) er administrasjonssenter i provinsen Rize nordaust i Tyrkia ved kysten av Svartehavet. Byen har kring 95 000 innbyggjarar (2009)
Rize er eit senter for tedyrking i området.
Remove ads
Klima
Rize har ei blanding av maritimt og fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb/Cfa) med varme somrar og kjølige vintrar. Snøfall er forholdsvis vanleg mellom desember og mars. Rize og den austlege delen av svartehavskysten har mest nedbør i heile Vest-Asia med ein årleg normalnedbør på 2500 mm. Det kjem mest nedbør seint på hausten. Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8 og 20 °C gjennom året.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads