Rob Rensenbrink

nederlandsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rob Rensenbrink
Remove ads

Pieter Robert Rensenbrink (3. juli 194724. januar 2020) var ein nederlandsk fotballspelar frå Amsterdam som spelte to VM-finalar for Nederland og vann cupvinnarcupen både i 1976 og 1978 med RSC Anderlecht. Han var ein kreativ venstreveng eller midtspiss, kjend som ein framifrå driblar, presis avsluttar og sikker straffeskytar.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Klubbspel

Rensenbrink spelte 1965-69 på DWS i heimbyen. Sommaren 1969 gjekk han over til Club Brugge i Belgia, der han året etter var med å vinne den fyrste av fem belgiske cuppokalar. I 1971 vart han overført til storklubben RSC Anderlecht i Brussel. I Anderlecht var han den førande krafta og sentral då klubben i tida 1972-76 sikra seg fire nasjonale cuptitlar og to seriegull. Den 2. mai 1976 skåra han to av måla då Anderlecht vann finalen i cupvinnarcupen med 4-2 mot West Ham United. Også året etter nådde Anderlechet cupvinnarfinalen, der det vart tap mot Hamburger SV. Derimot tok Anderlecht ein ny triumf i cupvinnarcupen 1978 ved å slå Austria Wien 4-0 i Paris, etter at Rensenbrink skåra dei to fyrste måla. Med i alt 25 nettkjenningar i Cupvinnarcupen vert Rensenbrink ståande som toppskårar i turneringa som vart avslutta i 1999. Gjennom ni sesongar, 1971-80, skåra han 143 mål på 260 seriekampar for Anderlecht.

Remove ads

Landslagsspel

Rensenbrink spelte 8 landskampar over ein 20-månaders periode i 1968-70, utan å kome på skårongslista. Fyrst i oktober 1973 fekk han sin landskamp nummer ni. Han deltok i alle kampane under Fotball-VM 1974, der han skåra det andre målet då Nederland vann 2-0 over Aust-Tyskland i kvartfinalen. To år seinare var han med då Nederland vann bronse i EM i fotball 1976 etter å ha sigra 3-2 mot Jugoslavia i Zagreb. Størst rolle i det nederlandske landslaget hadde han under verdsmeisterskapen 1978 i Argentina. Han skåra fem mål i meisterskapen, fire av dei på straffespark, men kunne ikkje hindre at vertslandet vann finalen med 3-1 etter ekstraomgangar. Rensenbrink spelte sin 46. og siste landskamp i Chorzów 2. mai 1979. Han skåra 14 landslagsmål.

Thumb
Rensebrink skåra det tredje målet då Nederland vann 5-0 over Belgia i mai 1976
Remove ads

Merittar

  • VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
  • EM-bronse: 1976 for Nederland
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1976 og 1978 med RSC Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1970 med Club Brugge, 1972, 1973, 1975 og 1976 med RSC Anderlecht
  • Belgisk seriemeister: 1972 og 1974 med RSC Anderlecht

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads