Robb Royer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robert Wilson «Robb» Royer (fødd 6. desember 1942)[1] er ein USA-amerikansk musikar som var bassist, gitarist, klaverspelar og låtskrivar med Bread frå 1968 til 1971. Medan han var i bandet gav bandet ut hitsingelen «Make It With You». Han vart erstatta av Larry Knechtel i 1971.
I 1970 skreiv Royer og Jimmy Griffin, med pseudonyma Robb Wilson og Arthur James, tekst til «For All We Know» som vart nytta i filmen Lovers and Other Strangers. Denne vann Oscarprisen for årets song det året.
Før han var med å starte Bread, hadde Royer spelt i bandet The Pleasure Fair.
Royer har sidan skrive musikk for artistar som Jimmy Griffin, The Remingtons, Mary Chapin Carpenter, John Michael Montgomery, Randy Travis, Billy Burnette, The Finnigan Brothers (Mike Finnigan) og andre.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads