Robben Island
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robben Island, afrikaans Robbeneiland, er ei sørafrikansk øy som ligg i Table Bay , 12 km utanfor kysten av Cape Town. Ho er 5,7 km² stor. Øya var tidlegare ei fangeøy, men er i dag eit minnsmerke og eit populært turistmål
Ordet Robben i namnet kjem frå nederlandsk og tyder 'sel'. Tidlegare vann ein ut selolje i området.[1]
Sidan 1600-talet og fram til 1991 blei øya brukt som fangeøy nesten utan avbrot. Tidvis sende ein også spedalske og sinnslidande til øya. Frå 1961 var det særleg motstandarar mot apartheid-regimet som blei sende hit. Nelson Mandela var fange her frå 1964 til 1982. Frå 1996 har øya vore eit museum og minnesmerke for kampen mot apartheid. I 1999 blei øya teken med på UNESCO si liste over verdsarv.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads