Robin Hall
britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robin Hall (27. juni 1936–18. november 1998)[1] var ein skotsk folkemusikksongar, best kjent som halvparten av ein songduo med Jimmie Macgregor.[2] Hall var ein direkte etterkomar av den berømte skotske folkehelten og lovlause Rob Roy MacGregor, og av utforskaren Mungo Park.[3]
Remove ads
Liv og virke
Hall var fødd i Edinburgh, men voks opp i Glasgow og fekk utdanning ved Allan Glen's School. Etter å ha studert ved Royal Scottish Academy of Music and Drama, blei han skodespelar ei kort stund.[1]
Han danna eit musikalsk partnerskap med Jimmie Macgregor i 1960, og dei opptredde mykje på BBC fjernsyn – på Tonight-programmet,[1] på White Heather Club,[4] og som vertskap for den innverknadsrike London Folk Song Cellar.[5] I denne perioden skapte det ein del kontrovers at Hall hadde på seg eit jakkemerke for Campaign for Nuclear Disarmament på TV.[6]
Både Hall og Macgregor spelte òg som del av Galliards i lag med Leon Rosselson og Shirley Bland på 1960-talet.[1]
Til saman spelte Hall og Macgregor inn over 20 album i løpet av partnerskapet sitt, som enda i 1981.[7][8] Ein av songane deira med mest suksess var fotballhymnet «Fotball Crazy»,[9] som kom ut på Decca Records i 1960.
Seinare laga Hall radioprogram for Radio Clyde.[1]
Hall blei funnen død av politiet den 18. november 1998 i huset sitt i Queen Margaret Drive i Glasgow, der han hadde budd åleine sidan slutten av det andre ekteskapet sitt.[10][11] Han verka å ha døydd nokre dagar tidlegare.[10]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads