Robson da Silva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robson Caetano da Silva (fødd 4. september 1964) er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen på 200 meter under Sommar-OL 1988, og fire gongar vart nummer fire på same distansen i verdsmeisterskap/sommarleikar.
Remove ads
Aktiv
Silva fekk sitt gjennombrot då han under Roma-VM i 1987 kom på fjerdeplass på 200 meter, fattige seks hundredels sekund attom vinnaren Calvin Smith frå USA. OL-sesongen 1988 gjorde Silva personbeste på 100 meter med 10,00 sekundar ved eit stemne i Mexico-byen. Ut på hausten same året vart han femtemann på 100 meter under Sommar-OL i Seoul, før han dagar seinare sprang i mål på 20,04 sekundar og bronsemedalje på 200-meteren.
Den 25. august 1989 sette Silva personbeste då han ved eit stemne i Brussel vann 200 meter på tida 19,96. Under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo vart han nummer sju på 100 m og fire på 200 m, på den lengste distansen fekk han same sluttid som bronsmedaljøren Atlee Mahorn frå Canada. Også på 200-metersfinalen ved Sommar-OL 1992 i Barcelona enda Silva på fjerdeplass, sju hundredels sekund unna bronsen. Under Friidretts-VM 1995 i Göteborg vart Silva for tredje gong i verdsmeisterskap nummer fire på 200 meter, og for fjerde gong i VM/OL.
Silva deltok for Brasil i fleire stafettløp, både i 4 x 100 m og 4 x 400 m. Men det var fyrst ved Sommar-OL 1996 i Atlanta at han lukkast vinne medalje med lagkameratar, ein bronsemedalje i 4 x 100 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 1983 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,66=nr 30)
- OL 1984 i Los Angeles: Utslått i semifinalane på 200 m (20,80=nr 13). Utslått i 4 x 100 m stafett
- VM 1987 i Roma: Nr 4 på 200 m – 20,22. Utslått i kvartfinalane på 100 m (10.53=nr 25). Utslått i 4 x 100 m stafett
- OL 1988 i Seoul: Bronse på 200 m – 20,04, nr 5 på 100 m – 10,11
- VM 1991 i Tokyo: Nr 4 på 200 m – 20,49, nr 7 på 100 m – 10,12
- OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 200 m – 20,45. Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.01,6). Utslått i semifinalane på 100 m (10,32=nr 10)
- VM 1993 i Stuttgart: Diskvalifisert i semifinalane (nr 15)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 200 m – 20,21. Utslått i semifinalane på 100 m (10,20=nr 9). Nr 6 i 4 x 100 m stafett (39,35)
- OL 1996 i Atlanta: Bronse i 4 x 100 stafett (38,41). Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,65=nr 24)
- VM 1997 i Aten: Nr 6 i 4 x 100 m stafett (38,48)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Robson da Silva» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads