Rochdale
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rochdale er ein stor by i Stor-Manchester med opp under 100 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssenter og største byen i distriktet Rochdale.
Historisk høyrde til byen Lancashire. Han voks kraftig på 1800-talet som eit sentrum for tekstilproduksjon, og vart under den industrielle revolusjonen ein av dei første industrialiserte byane. I dag vert det gjort produksjonar av maskinar, kjemikaliar, metallvarer og tekstilar. Her finst kunstgalleri, museum, parkanlegg og rekreasjonsfasilitetar.
Byen er kjent som opphavsbyen til kooperativrørsla, og dei opphavlege prinsippa for kooperativ er kjent som Rochdale-prinsippa. Rochdale fekk bystatus i 1888.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rochdale» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2011.
«Rochdale» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads