Rock 'n' Roll with Me
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Rock 'n' Roll With Me» er ein song skriven av David Bowie og Warren Peace, spelt inn i januar 1974 og først gjeve ut på Bowie-albumet Diamond Dogs i april 1974. Ein versjon innspelt under Diamond Dogs-turneen same året kom ut på albumet David Live.
Medan songen «Knock on Wood» frå David Live vart gjeven ut som singel i Storbritannia, vart konsertversjonen av «Rock 'n' Roll With Me» vald ut som singel i USA som svar på den nylege coverversjonen til Donovan.[1] B-sida på begge singlane var eit konsertopptak frå Diamond Dogs-turneen av «Panic in Detroit», opphavleg frå Aladdin Sane (1973).
Som «Rebel Rebel», den første singelen frå Diamond Dogs, vart «Rock 'n' Roll With Me» opphavleg skriven som ein del av den planlagde Ziggy Stardust-musikalen i 1973.[2] Han har vorte skildra som «ein av Bowie sine minst sjølvmedvitne kjærleikssongar» og ein forsmak på R&B-balladane på Young Americans (1975).[3]
Songen vart spelt inn 15. januar 1974.
Remove ads
Låtskriving
Songen vart skriven heime hos Bowie i Oakley Street i London, etter Warren Peace (Geoff MacCormack) byrja å spele akkordar på pianoet hans. Bowie og Peace var inspirerte av Fats Domino og Little Richard, to rhythm and blues-musikarar dei lytta til i barndommen.[4]
Innhald
- «Rock 'n' Roll With Me» (tekst av David Bowie; musikk av Bowie, Warren Peace) – 4:15
- «Panic in Detroit» (Bowie) – 5:41
Medverkande
- Musikar (albumversjon):
- David Bowie: vokal, gitar
- Earl Slick: akustisk gitar
- Herbie Flowers: bass
- Mike Garson: orgel
- Aynsley Dunbar: trommer
- Warren Peace: korvokal, piano
- Produsent:
Konsertversjonar
- Den same versjonen som på singelen og på David Live finst òg på den nederlandske utgjevinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
Andre versjonar
- Donovan – berre gjeven ut som singel i 1974.
- Scream - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Kenny Miller – Single (1975)
- The Killers spelte stundom eit utdrag av songen i lag med sin eigen «My List» i 2006.
- Max Lorentz - Kiss You in the Rain - Max Lorentz sings David Bowie (2011)
- Enrique Seknadje på Diamond Dogs Revisited (2014) : On Sound Cloud
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads