Panic in Detroit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Panic in Detroit» er ein song skriven av David Bowie for albumet Aladdin Sane i 1973. Bowie baserte songen på venen Iggy Pop sine skildringar av opprørske personar han hadde kjend som ungdom i Michigan.[1] Han er òg tolka som å vere skriven om Detroit-opprøra i 1967.[2] Rolling Stone kalla songen ein paranoid etterkomar av Motor City sitt tidlegare meisterverk, Martha and the Vandellas sin «Nowhere to Run».[3]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Musikalsk har «Panic in Detroit» vorte skildra som «Salsa-varianten av Bo Diddley-rytmen»,[4] og nyttar congatrommer og kvinneleg korvokal. Teksten nemner Che Guevara og vert òg sagt å innehalde referansar til John Sinclair frå White Panther Party.[4]

Bowie spelte songen på turnear i 1973, 1974, 1976, 1990, 1997 og 2003-4.

I 2003 rangerte Rolling Stone ei lista over dei 100 største gitaristane gjennom tidene. Mick Ronson vart rangert på 64. plass og «Panic in Detroit» som den «essensielle innspelinga» hans.[5]

Remove ads

Musikk og tekst

He looked a lot like Che Guevara, drove a diesel van
Kept his gun in quiet seclusion, such a humble man

David Bowie (1973)

«Panic In Detroit» er ein revolusjonær som «likna på Che Guevara». Dette var før dei hippe Che Guevara-t-skjortene vart populære. Den gamle gruppa hans, National People’s Gang var blitt utsletta, så i staden skriv han autografar, leiar eit par opprør og til slutt skyt seg sjølv, men let songaren få ein siste autograf.[6] Teksten var delvis inspirert av forteljingane til Iggy Pop om Detroit-opprøra i 1967. «Panic In Detroit» er òg eit bilete av det Amerika han møtte for første gongen då han var på den første turneen sin her seint i 1972.

Mick Ronson og korsongarane Linda Lewis og Juanita «Honey» Franklin står bak mykje av krafta og drivet i «Panic in Detroit»[6]

Songen vart visstnok skriven i Detroit då the Spiders var der første gongen, den 8. oktober 1972. Songen var ferdig innspelt 24. januar 1973. Songen vart sjeldan spelt under Ziggy Stardust-konsertane, men var fast under 1974-turneen, og eit konsertopptak vart gjeven ut som B-sida til singelen «Knock on Wood» i 1974.

Bowie spelte inn songen på ny av Tony Visconti, Zaine Griff og Andy Duncan i desember 1979 for Kenny Everett’s New Year’s Eve Show, men den nye versjonen deira av «Space Oddity» erstatta han i showet.

Remove ads

Medverkande

Konsertversjonar

  • Eit konsertopptak frå 14. juli 1974 vart gjeven ut som B-sida til singelen «Knock on Wood» i 1974. Den same versjonen vart òg gjeven ut som B-side til den amerikanske singelen «Rock 'n' Roll With Me» i 1974, på samlealbumet Rare i 1983, og til slutt på nyutgåva av David Live i 2005.
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeve ut på Live Nassau Coliseum '76, som følgde 2010-utgåva Station to Station.

Andre utgjevingar

  • Han vart gjeven ut som B-side til den japanske utgåva av singelen «Time» i april 1973.
  • Han vart gjeven ut som biletdisk i begge RCA-setta Life Time og Fashion Picture Disc Set.
  • Han finst på Sound and Vision-boksen (1989).
  • Ein ny versjon spelt inn i 1979 vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Scary Monsters (and Super Creeps) i 1992. Den same versjonen vart òg gjeven ut på bonusplata som følgde Heathen Limited Edition.[7]
Remove ads

Andre versjonar

  • Christian Death - The Rage of Angels (1994), Death in Detroit EP (1995), Goth Oddity - A Tribute to David Bowie (1999) og Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs
  • Shadow Project - In Tuned Out Live 93 (1994)
  • The Aries Parallel - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
  • The Joe Harvard Band - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads