Rockin' the Paradise
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«A.D. 1928 / Rockin' the Paradise» er ein song av Styx og den fjerde singelen frå albumet deira Paradise Theatre i 1981. Han vart sendt ut til rockestasjonar og nådde åttandeplassen på Billboard Rock Chart-lista i USA. «A.D. 1928» er eit kort, pianobasert stykke av Dennis DeYoung, sett til same melodi som «The Best of Times», og som glir inn i songen «Rockin' the Paradise». Denne og det føregåande sporet var ikkje berre opningssporet på albumet, men òg på den påfølgjande turneen og Return to Paradise-turneen i 1996.
Musikkvideoen for songen var den tiande videoen som vart sendt på MTV då kanalen starta opp i USA 1. august 1981.
Remove ads
Medverkande
- Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument
- Tommy Shaw - sologitar, korvokal
- James Young - rytmegitar, korvokal
- Chuck Panozzo - bass
- John Panozzo - trommer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads