Rodrigues

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rodrigues
Remove ads

Rodrigues er ei sjølvstyrt øy i Indiahavet som er underlagt øystaten Mauritius. Hovudstaden er Port Mathurin.

Kjappe fakta Rodrigues Lokalt namn Rodrig, Île Rodrigues, Geografi ...

Rodrigues har ein flatevidd på 108 km².[1] Ho er den austlegaste delen av øygruppa Maskarenane – ho ligg om lag 550 km aust for øya Mauritius.[1] Øya er av vulkansk opphav og er omgjeven av korallrev. Rodrigues har fått namnet sitt etter den portugisiske sjøfararen Diogo Rodrigues. Ho var truleg folketom då portugisarane slo seg ned på øya i 1507.

Rodrigues blei seinare vitja av nederlendarar og franskmenn, som enda opp med kontrollen over øya. Dei grunnla sukkerplantasjar ved hjelp av slavar frakta til øya frå Afrika. Innbyggjarane på Rodrigues er i stor grad etterkomarar av plantasjearbeidarane.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads