Mauritius

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mauritius
Remove ads

Mauritius er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i Indiahavet. Øya ligg rundt 90 mil aust for Madagaskar, og er saman med Réunion og Rodrigues ein del av øygruppa Maskarenane.

Thumb
Distrikta på Mauritius
Øya Mauritius er delt inn i 9 distrikt:
1 Black River (Hovudstad: Bambous)
2 Flacq (Hovudstad: Centre de Flacq)
3 Grand Port (Hovudstad: Mahébourg)
4 Moka (Hovudstad: Quartier Militaire)
5 Pamplemousses (Hovudstad: Triolet)
6 Plaines Wilhems (Hovudstad: Beau Bassin og Rose Hill, Phoenix)
7 Port Louis
8 Rivière du Rempart (Hovudstad: Mapou)
9 Savanne (Hovudstad: Souillac)
Kjappe fakta Republic of Mauritius République de Maurice (norsk: Mauritius, mauritisk) ...
Remove ads

Historia til Mauritius

Tidleg historie

Ein reknar at arabiske sjøfararar var dei første til å vitja øya på slutten av 900-talet. Dei kalla ho Dina Arobi.[1] Portugisarane kom i 1507, og Diogo Fernandes Pereira var den første kjende europear som gjekk i land. Øya fekk namnet Ilha do Cisne, men portugisarane busette seg ikkje permanent.[2]

I 1598 tok nederlendarane øya i bruk og kalla henne Mauritius etter prins Maurits av Nassau. Dei etablerte ei busetjing i 1638, dreiv hogst av ibenholt og tok med seg plantar, husdyr og slavar frå Madagaskar. Trass fleire forsøk mislukkast permanent kolonisering, og nederlendarane forlét øya i 1710.[2]

Fransk Mauritius 1715–1810

Frankrike tok kontroll i 1715 og gav øya namnet Île de France. Under fransk styre vart sukkerøkonomi utvikla, særleg etter at guvernør Mahé de La Bourdonnais kom i 1735. Port Louis vart bygd ut som marinebase og skipsbyggingssenter. Slaveri vart regulert gjennom Code Noir, og titusenvis av slavar frå Afrika og Madagaskar vart førte til øya, noko som gjorde slavebefolkninga til fleirtal.

Frå 1767 vart øya styrt direkte frå Frankrike. Under napoleonskrigane vart Mauritius ein base for franske kaprarar som angreip britisk skipsfart. Trass ein tidleg fransk siger i slaget ved Grand Port måtte Frankrike seinare overgje øya til Storbritannia i 1810.[2]

Britisk Mauritius 1810–1968

Det britiske styret tok til i 1810 med Robert Farquhar som guvernør og førte til store sosiale og økonomiske endringar.

Under britisk styre fekk øya igjen namnet Mauritius, medan fransk språk og lovverk vart tillatne vidare.[2]

Slaveriet vart gradvis avskaffa etter 1833, og slaveeigarane fekk økonomisk kompensasjon.[3] For å dekkje arbeidskrafta i sukkerindustrien vart store mengder kontraktarbeidarar henta frå India. Mellom 1834 og 1921 kom kring ein halv million indiske arbeidarar til øya.[4] Aapravasi Ghat i Port Louis vart eit sentralt mottakssenter og er i dag UNESCO verdsarv.[5]

I 1885 vart ei ny grunnlov innført med avgrensa stemmerett, hovudsakleg for jordeigande elitar.[6] På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet voks det fram politisk mobilisering blant middelklasse og arbeidarar. Mauritius arbeidarpartiet vart grunnlagt i 1936 og spela ei sentral rolle i kampen for betre arbeidsvilkår og politiske rettar. Arbeidaruro førte til reformer etter Uba-opprøret i 1937.[7]

Krigsåra under andre verdskrigen var prega av økonomiske vanskar og sosial uro, mellom anna Belle Vue Harel-massakren i 1943.[8] Etter krigen vart stemmeretten gradvis utvida. Grunnlova av 1947 innførte allmenn røysterett for vaksne som kunne skriva namnet sitt, og valet i 1948 markerte eit viktig steg i retning sjølvstende og demokratisk utvikling.[9]

På 1950- og 1960-talet vart det halde fleire grunnlovskonferansar i London, og sjølvstyret vart gradvis utvida.[10] Seewoosagur Ramgoolam, leiar av arbeidarpartiet, vann vala i 1959 og 1963. Perioden før sjølvstendet var prega av politisk spenning og etniske konfliktar, særleg under uroa i 1965. Mauritius vart ein sjølvstendig stat i 1968.[9]

Sjølvstende og konstitusjonelt monarki 1968–1992

Etter Lancaster-konferansen i 1965 vart det klart at Storbritannia ønskte å gje Mauritius fullt sjølvstende. Same året vart Chagos-øygruppa skild ut frå Mauritius og gjort til britisk oversjøisk territorium. Etter vala i 1967 vann Uavhengigheitspartiet fleirtal. I januar 1968 braut det ut valdsame opptøyar i Port Louis, der 25 menneske mista livet.

Mauritius vart sjølvstendig 12. mars 1968 med ei ny grunnlov. Sir Seewoosagur Ramgoolam vart den første statsministeren, medan Elizabeth II var statsoverhovud som dronning av Mauritius. I 1969 vart opposisjonspartiet Mouvement Militant Mauricien (MMM) stifta.

I 1973 vart Mauritius det første landet i Afrika som utrydda malaria. Studentprotestar i 1975 førte til røysterettsreform, der stemmerettsalderen vart senka til 18 år. Valet i 1976 gav MMM flest mandat, men Ramgoolam heldt fram som statsminister gjennom ei koalisjonsregjering.

I 1982 kom MMM-PSM til makta med Anerood Jugnauth som statsminister, men indre splitting førte til regjeringskrise og nyval i 1983. Ein koalisjon leia av Jugnauth vann valet.[9]

Republikk frå 1992

Den 12. mars 1992 vart Mauritius erklært republikk innanfor Samveldet. Monarken vart avsett som statsoverhovud, og den siste generalguvernøren, Veerasamy Ringadoo, vart den første presidenten. Den utøvande politiske makta låg framleis hos statsministeren.[9]

Remove ads

Økonomi

1970- og 1980-åra var prega av økonomisk omstilling, med vekst i industrisoner, turisme og handel, medan sukkerindustrien mista dominansen.[11][12]

Mauritius er per 2024 blant dei landa i Afrika med høgst BNP per innbyggjar. I 2024 låg Mauritius på andreplassen bak Seychellane, med nær 13 tusen USD per innbyggjar.[13] Jordbruk utgjer berre kring 4–5 % av BNP i Mauritius i dag. Men sukkerrøyr gjer framleis ut for mykje av det dyrka arealet og pregar landskapet, nesten 90 % av jordbruksarealet er sukkerrøyr (2020).[14] Sukkerproduksjon var historisk og er delvis framleis ein vektig del av økonomien.[15]

Tenestesektoren, som inkluderer turisme, er langt den største delen av økonomien. I 2023 vitja nær 1,3 millionar turistar øystaten.[15]

Remove ads

Innbyggjarar

Om lag 70 % av innbyggjarane er av indisk opphav, 27 % er kreolar av fransk-indisk eller fransk-afrikansk opphav. I tillegg finst det mindre grupper av europearar, særleg franskmenn, og kinesarar. 51 % av mauritiarane er hinduar, 16,6 % muslimar (hovudsakleg pakistanske innflyttarar), 31,3 % kristne (dei fleste katolikkar) og 0,6 % buddhistar.

Engelsk er det offisielle språket på Mauritius. Dei fleste snakkar eit franskbasert kreolsk heime, og mange snakkar fransk. Avisene og litteraturen på Mauritius kjem ut på både fransk og engelsk.

Geografi

Thumb
Kart over Mautitius

I tillegg til øya Mauritius kjem øya Rodrigues samt fleire mindre øyar som også er underlagt staten Mauritius.

Klima

Mauritius er ei vulkansk øy. Landet har eit tropisk havklima med forholdsvis høge temperaturar og høg fukt året gjennom. Temperaturane vert derimot aldri så høge at det blir ubehageleg, sjølv om nettene kan vere ganske klamme. Ein har regn i alle månadar, men den våtaste perioden er frå desember til april. I desse månadane kan òg tropiske syklonar treffe øya eller passere nær nok til å gi svært store nedbørsmengder og øydeleggjande vind.

Den sørlege og søraustlege kysten er mest utsett for den søraustlege passatvinden, og får om lag dobbelt så mykje regn som Port Louis (som har ein normal på 1287 mm nedbør i året), og regnet er òg kraftigare i dei høgareliggande områda innanfor. Utanom den våtaste perioden kan ein få ein god del sol med litt lågare temperaturar og kraftig sjøbris.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads