Roger Powell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Roger Powell (fødd 14. mars 1949) er ein amerikansk klaverspelar, mest kjend som medlem av rockebandet Utopia, leia av Todd Rundgren. Han har òg spelt med Kasim Sulton og Willie Wilcox, blant andre. Powell spelte klaverinstrument og synthesizerar for bandet frå 1974 til dei vart oppløyst i 1985. For konsertane utvikla Powell Powell Probe; den første handhaldne synthesizeren.[1] Han hjelpte òg Robert Moog (som utvikla Moog synthesizer), spelte inn fleire soloalbum og turnerte med David Bowie[2] og andre. Han hadde òg ei fast spalte i Keyboard Magazine der han skreiv om synthesizerteknikk.
Han var òg ein dyktig programmerar og var med å utvikle ein av dei første MIDI-sekvendarane for PC, Texture. Dette vart mellom anna nytta av Stevie Wonder og Bob James. Han har sidan jobba mykje som seniorprogrammerar for Apple Computer. I dag arbeider han i Electronic Arts som seniorprodusent for ny musikkteknologi.
Remove ads
Diskografi
- Cosmic Furnace (Atlantic, 1973)
- Air Pocket (Bearsville, 1980)
- Fossil Poets (Inner Knot)
- Fossil Poets (Inner Knot)
- Blue Note Ridge (Fossil Poet Records)
- A Wizard A True Star (2009)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads