Roger Staub

From Wikipedia, the free encyclopedia

Roger Staub
Remove ads

Roger Staub (1. juli 193630. juni 1974) var ein sveitsisk skirennar som vart olympisk meister i storslalåm under Vinter-OL 1960. Han var frå Arosa i kantonen Graubünden.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Staub debuterte i internasjonale meisterskap under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo med ein fjerdeplass i utfor. Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein vann han sølvmedaljen i utfor, kom på delt bronseplass med franske François Bonlieu storslalåm og vart nummer fem i slalåm. Også i den alpine kombinasjonen(slalåm/utfor) kom han på tredjeplass.

Høgdepunktet som alpinist kom under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, då Staub vart olympisk meister i storslalåm, fire tidels sekund føre Pepi Stiegler frå Austerrike. I utfortevlinga kom han på femteplass. Han la opp som aktiv skirennar i 1961.

Staub omkom i 1974 under hanggliding i Verbier.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads