Roger the Engineer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Roger the Engineer (opphavleg gjeve ut i Storbritannia som Yardbirds og i USA, Tyskland og Frankrike som Over Under Sideways Down) er eit album av det engelske rockebandet The Yardbirds. Det vart spelt inn og gjeve ut i 1966, og er det einaste Yardbirds-albumet med gitaristen Jeff Beck på alle spor og berre originale songar.[1] Det vart produsert av bassisten Paul Samwell-Smith og manageren Simon Napier-Bell.
Sjølv om den britiske utgåva av albumet framleis vert kalla Yardbirds i offentlege kjelder som Official Charts Company,[2] har det sidan halvoffisielt blitt kalla Roger the Engineer,[3] ein tittel som kjem av at teikninga på plateomslaget av lydteknikaren på plata, Roger Cameron, av bandmedlemmet Chris Dreja.[4]
Det er det einaste Yardbirds-albumet som gjekk inn på UK Albums Chart, der det nådde 20. plassen.[2] I USA nådde det 52. plassen på Billboard 200.[5] Den mest kjende songen på albumet, «Over Under Sideways Down», kom ut på singel i mai 1966, to månader før albumet kom.[5]
Albumet er med i boka til Robert Dimery, 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[6] I 2012 vart albumet rangert på 350. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7]
Remove ads
Innspeling
Singelen «Over Under Sideways Down» og B-sida «Jeff's Boogie» vart spelte inn i Advision Studios i London den 19–20. april 1966.[8] Resten av albumet vart spelt inn frå 31. mai til 4. juni 1966, òg i Advision.[8] Paul Samwell-Smith og Simon Napier-Bell produserte albumet, og det kom ut på Columbia Graphophone Company i Storbritannia den 15. juli 1966 og på Epic Records i USA den 18. juli 1966.[5]
Remove ads
Ettermæle
Stephen Thomas Erlewine skreiv i ei seinare melding for AllMusic at albumet er det beste studioalbumet til The Yardbirds med «noko av den beste psykedeliaen deira», men ikkje «blant dei aller beste albuma i perioden».[1]
Rolling Stone rangerte albumet på 349. plassen i 2003 og 350. plassen i 2012 på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[7]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Chris Dreja, Jim McCarty, Jeff Beck, Keith Relf og Paul Samwell-Smith
Amerikansk utgåve
Medverkande
- The Yardbirds
- Keith Relf – solovokal (utanom «The Nazz Are Blue»), munnspel
- Jeff Beck – sologitar, solovokal på «The Nazz Are Blue», bassgitar (2)
- Chris Dreja – rytmegitar, korvokal, piano
- Paul Samwell-Smith – bassgitar (alle utanom 2), korvokal
- Jim McCarty – trommer, korvokal, perkusjon
- Plateomslag
- Chris Dreja – design og illustrasjon
- Jim McCarty – tekst i omslaget
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads