Romaleidae

From Wikipedia, the free encyclopedia

Romaleidae
Remove ads

Romaleidae er ei gruppe av rettvengene (Orthoptera) og tilhøyrer ei familiegruppe blant grashoppene.

Kjappe fakta
Thumb
Titanacris albipes, ein særs stor art med blå bakvenger
Thumb
Romalea guttata finst i det austlege Nord-Amerika
Remove ads

Utsjånad

Gruppa omfattar middelsstore til særs store (nokre artar over 25 cm lange), kraftige grashopper. Denne familien omfattar dei største grashoppene. Nokre artar er kamuflasjefarga, medan andre er ganske fargerike, ofte mørkbrune med raude flekker. Bakbeina er kraftige hoppebein og leggane er piggete. Flygevengene er vanlegvis velutvikla og ofte skarpt raude.

Levevis

Ein kan finna familien i mange ulike miljø, frå ørken til tropisk regnskog. Nokre artar lever på bakken, men det finst òg artar som lever oppe i trekronene. Familien er planteeterar, og nokre artar kan gjera noko skade i tropisk jordbruk. Mange artar har sterke fargar som signaliserer at dei er giftige (aposematisme), særleg gjeld dette nymfene. Nokre kan laga ein kvesande lyd når dei blir forstyrra, eller skilje ut eit giftig skum frå spirakla (andehola) på sida av kroppen.

Remove ads

Utbreiing

Romaleidae har flest artar i tropiske og varm-tempererte område av Amerika. Vidare finst det nokre få artar i tropisk Asia. Dei finst ikkje i Afrika, Europa og Australia.

Systematisk inndeling

Treliste
  • Flygande insekt (Pterygota)
    • Neoptera («nyvinger»)
      • Orthopteroida
        • Orden rettvenger (Orthoptera)
          • Underorden grashopper (Caelifera)
            • Overfamilie Acridoidea
              • Familie Romaleidae Brunner von Wattenwyl, 1893.॥॥93.
                • Underfamilie Bactrophorinae Amédégnato, 1974 – ca. 195 artar
                  • gruppe Bactrophorini Amédégnato, 1974 – 17 artar
                  • gruppe Ophthalmolampini Descamps, 1977 – 155 artar
                  • gruppe Taeniophorini Brunner von Wattenwyl, 1893 – 23 artar
                • Underfamilie Romaleinae Brunner von Wattenwyl, 1893 – ca. 265 artar
                  • gruppe Eurostacrini Amédégnato, 1997 – 5 artar
                  • gruppe Hisychiini Descamps, 1979 – 15 artar
                  • gruppe Leguini Amédégnato & Poulain, 1986 – 4 artar
                  • gruppe Phaeopariini Gigli-Tos, 1898 – 40 artar
                  • gruppe Procolpini Giglio-Tos, 1898 – 17 artar
                  • gruppe Romaleini Brunner von Wattenwyl, 1893 – 169 artar
                  • gruppe Trybliophorini Giglio-Tos, 1898 – 12 artar
                  • slekta Quitus Hebard, 1924 (ikkje plassert til gruppe) – 3 artar
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Romaleidae


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads