Romedal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Romedal
Remove ads

Romedal er ein tettstad i Stange kommune, og ein tidlegare kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Staden har 727 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg sju kilometer austom kommunesenteret Stangebyen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Romedal var frå 1837 til 1963 ein kommune i Hedmark, med eit areal på 385,3 km².

Bygda, som høyrer til flatbygdene på Austlandet, har ein todelt topografi. Nordvestdelen, hovudsoknet Romedal, er «eit lågt bakkeland, 140-200 moh. silurskifer, mest alunskifer, grorsam 'Svartjord'»[1] og tettbygde jordbruksstrok. Resten av bygda, Vallset sokn, er mykje skogkledd med åsar, myrar og vatn. I heile Romedal er det 116 vatn, høgste punktet er Årekjølen på 623 meter over havet, heilt i søraust.

Folketalet i Romedal var 2787 i 1801. I 1865 budde 4928 menneske i kommunen, men deretter fall folketalet til 4593 i 1900, før det atter auka til i kring 6500 i tida frå kring 1950, då folketilveksten stoppa opp. Romedal kommune vart slått saman med Stange til den nye Stange kommune 1. januar 1964. Romedal hadde ved samanslåinga 6 441 innbyggjarar. Tettstaden Ilseng ligg i Romedal krins. Jønsberg landbruksskule ligg i Romedal. Ein romedøl er ein person som bor innanfor dei gamle kommunegrensene.

Romedal kyrkje ligg tre km nordvest for tettstaden Romedal.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads