Romforsking
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Romforsking syner til den vitskaplege utforskinga av himmellekamar og verdsrommet ved hjelp av sondeballongar og sonderakettar med instrument, satellitt, romsondar og romfartøy. Dette omfattar mellom anna studiar av den øvre jordatmosfæren med ionosfæren og magnetosfæren, og vekselverknaden mellom den øvre atmosfæren og solvinden og verdsrommet kring jorda, medan forsking som omfattar sjølve jorda ikkje blir rekna som romforsking.

Remove ads
Inndelingar av romforskinga
Etter tema
- Stjerneastronomi - studiet av stjerner
- Solastronomi - studiet av sola vår
- Planetologi - studiet av planetar, særleg andre planetar enn jorda.
- Galaktisk astronomi - studiet av Mjølkevegen
- Ekstragalaktisk astronomi - studiet universet utanfor Mjølkevegen
- Fysisk kosmologi - studiet av opphavet til, storskala strukturar og forholdet mellom tidrommet i universet.
Tverrfaglege felt



- Astrobiologi
- Astrokjemi eller kosmokjemi
- Astrofysikk - fysikk og romforsking, studiet av fysikken til himmellekamar og rommet mellom dei
- Romplasmafysikk
- Banemekanikk eller astrodynamikk, som òg omfattar romfartøy
- Planetologi - overlappar med geovitskap
- Planetær geologi
- Mikro-g-miljø-forsking
- Rettsastronomi
- Romarkeologi - studiet av menneskapte lekamar i det ytre rommet
- Arkeoastronomi - historia om korleis menneska har forstått universet
- Astronautikk er vitskapen om romfart
- Romfartsteknikk
- Styringsteknikk
- Banemekanikk
- Romfartøydesign
- Rommiljø - studiet av korleis tilhøva i rommet påverkar romfartøy
- Drivkraft for romfartøy
- Romføde
- Romlogistikk
- Rommedisin
Etter metode
- Observasjonsastronomi - Observatorium på bakken og romobservatorium som målar himmelekamar og fenomen
- Astrometri - studiet av posisjonen og rørsla til himmellekamar
- Amatørastronomi
- Teoretisk astronomi - matematisk modellering av himmellekamar og fenomen
Tilknytte aktivitetar
- Romutforsking - omfattar forsking gjennom bemanna romfart og romsondar
- Romkolonisering
- Kommersialisering av rommet
- Romturisme
- Romkrigsføring
- Rominvasjon
- Asteroidefare
- Romrett
- Fjernmåling
- Planetarium - eit syntetisk observatorium, nytta til utdanning og presentasjonar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads