Solvind

From Wikipedia, the free encyclopedia

Solvind
Remove ads

Solvinden er straumen av partiklar som sola heile tida sender ut, eit tynt plasma med supersonisk fart som fyller det interplanetare rommet. Partiklane er hovudsakleg elektron og proton, men det er også kjernar av helium og andre tyngre ion. Plasmastraumen fører òg med seg eit magnetisk felt frå sola, det interplanetare magnetfeltet. Solvinden skapar eit dynamisk samband mellom sola og planetane og han har ein sterk innverknad på tilhøva i magnetosfæren og atmosfæren til planetane.

Thumb
Rundt dei magnetiske polane til jorda kan solvinden føra til polarlys.

Solvinden varierer i styrke, men er sterkast når solflekkene er mange og store.

Remove ads

Sjå også

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads