Rommet hall

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rommet hall
Remove ads

Hall (norrønt hǫll) kan visa til ein større sal eller til ein bygning som huser ein slik sal. Etter påverknad frå engelsk kan ordet hall, uttalt hål, også visa til eit forrom eller entré til eit husvære.[1]

Thumb
Main Hall ved Natural History Museum i London.

Historie

I den nordeuropeiske jernalderen var gildehallen ein viktig møtestad.[2] Her heldt ein gjestebod for å markera leiarskap, byggja alliansar og vedlikehalda fellesskap.[3] Ein slik hall er til dømes skildra i det angelsaksiske diktet Beowulf.[2]

I Noreg er det funne døme på langhus med hallrom der stolpane som ber taket er trekte ut til sida slik at sjølve rommet blir luftigare. Dei langhusa ein har funne slike rom i er «båtforma», altså med ei krumma ytre form der midten er breiast.[2] Etterkvart blei hallrommet skild ut frå langhuset og lagt til ein eigen hallbygning.[4] Desse bygningane kan ha vore knytt til rituale eller hatt politiske funksjonar.[5] Hallen kunne ha høgsete der makthavarane sat.[6] Håkonshallen frå 1200-talet er døme på ein slik hall.

I engelsk bygningshistorie blei hallen etter kvart omdanna til forstove eller trapperom ved at ein bygga fleire rom på huset. Dette har gjeve opphav til den norske tydinga med uttalen [hå:l].[7]

Seinare har ein brukt hall for å visa til bygningar som omfattar større rom, som hallkyrkjer. I moderne tid har ein bygd marknadshallar, fabrikkhallar, utstillingshallar, idrettshallar og anna.

Remove ads

Sjå òg

  • Sal

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads