Romsonden Rosetta
romsonde From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rosetta var ein romsonde send opp av ESA som gjekk i bane kring kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Han nådde fram til kometen i august 2014 og vart krasjlanda på kometkjernen 30. september 2016.[1] Rosetta-ferda hadde som mål å finna ut korleis tilhøva var i solsystemet då planetane vart danna. Rosetta bar med seg landaren Philae som landa på kometkjernen 12. november 2014.

Rosetta passerte to asteroidar på veg til 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Den 5. september 2008 passerte sonden 2867 Šteins, og 10. juli 2010 passerte han 21 Lutetia.
Remove ads
Instrument
Utanom landaren, har Rosetta med seg 11 instrument og eksperiment.
- ALICE (Ultraviolet Imaging Spectrometer) er eit spektrometer som arbeider med ultrafiolett stråling. Det skal undersøkja kometkomaen og komethalen for å rekna ut mengda vatn, karbondioksid og karbonmonoksid kometen sender ut.
- CONSERT (Comet Nucleus Sounding Experiment by Radiowave Transmission) studerer radiobylgjene som vert attkasta og spreidde av kometkjernen.
- COSIMA (Cometary Secondary Ion Mass Analyser) analyserer støvkorn som vert sende ut av kometen. Det kan finna ut om dei er organiske eller uorganiske.
- GIADA (Grain Impact Analyser and Dust Accumulator) observerer talet på, massen til, rørslemengda til, og fartsfordelinga til støvkorn som vert sende ut frå kometen.
- MIDAS (Micro-Imaging Dust Analysis System) studerer støvomgjevnadene til asteroidane og kometen.
- MIRO (Microwave Instrument for the Rosetta Orbiter) finn ut av mengda på viktige gassar og kor snøgt kometkjernen sender ut gass.
- OSIRIS (Optical, Spectrocopic and Infrared Remote Imaging System) tek høgoppløyselege bilete av kometkjernen. Det har eit smalvinkelkamera og eit vidvinkelkamera.
- ROSINA (Rosetta Orbiter Spectrometer for Ion and Neutral Analysis) studerer samansetninga til atmosfæren og ionsfæren til kometen. Det er sett saman av to sensorar.
- RPC (Rosetta Plasma Consortium) måler mellom anna dei fysiske eigenskapane til kometkjernen og fylgjer med på kometaktiviteten.
- RSI (Radio Science Investigation) undersøkjer endringane i frekvensen på radiobylgjene frå Rosetta. Det finn ut av massen og tyngdekrafta til komekjernen, noko som vidare kan nyttast til å rekna ut banen og den indre strukturen til kometen.
- VIRTIS (Visible and Infrared Thermal Imaging Spectrometer) kartlegg og studerer dei faste materiala på kometen. Det hjelper òg til med å finna den beste landingsstaden for Philae.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads