Ronnie Spector

amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ronnie Spector
Remove ads

Veronica Spector Greenfield (10. august 194312. januar 2022), opphavleg Veronica Yvette Bennett, var ein USA-amerikansk songar som skipa jentegruppa The Ronettes i 1957 med den eldre systera Estelle Bennett og syskenbarnet deira Nedra Talley. Bennett fronta gruppa medan plateprodusentem Phil Spector produserte det meste av det dei gav ut. Dei to gifta seg i 1968 og skilde seg i 1972.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Bennett song solo på ei rekkje av hittane til The Ronettes første halvdel av 1960-åra, som «Be My Baby» (1963), «Baby, I Love You» (1963) og «The Best Part of Breakin' Up» (1964). I 1964 lanserte ho ein solokarriere med singelen «So Young». Sidan 1980 har Bennett gjeve ut fem studioalbum: Siren (1980), Unfinished Business (1987), Something's Gonna Happen (2003), Last of the Rock Stars (2006) og English Heart (2016). I 1986 fekk ho eit comeback i karrieren sin då ho var med på Eddie Money-songen «Take Me Home Tonight».

Bennett har blitt kalla den opphavlege «bad girl of rock and roll».[1][2] I 2007 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Ronettes.[3]

Remove ads

Diskografi

The Ronettes

  • Presenting the Fabulous Ronettes Featuring Veronica, 1964
  • The Ronettes Greatest Hits – Volume 1, 1981
  • The Ronettes Greatest Hits – Volume 2, 1981
  • The Best of The Ronettes, 1992

Soloalbum

Meir informasjon Tittel, Albumdetaljar ...

Solosinglar

  • 1964: «So Young» (Phil Spector 1)
  • 1964: «Why Don't They Let Us Fall In Love» (Phil Spector 1)
  • 1971: Try Some, Buy Some (Apple 1832)
  • 1975: «You'd Be Good For Me» (Tom Cat YB-10380)
  • 1976: «Paradise» (Warner Spector SPS 0409)
  • 1977: «Say Goodbye To Hollywood» (Epic 8-50374)
  • 1978: «It's A Heartache» (Alston 3738)
  • 1980: «Darlin'» (Polish PR-202)
  • 1987: «Who Can Sleep» (Columbia 38-07082)
  • 1987: «Love On A Rooftop» (Columbia 38-07300)
Remove ads

Bøker

  • Be My Baby: How I Survived Mascara, Miniskirts og Madness (1990)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads