Roroskip

From Wikipedia, the free encyclopedia

Roroskip
Remove ads

Eit roroskip (fokorting for roll-on/roll-off) er ein skipstype med ein konstruksjon der rullande last kan køyrast ifrå kaia og direkte ombord og av skipet igjen. Det kan vera køyretøy som bilar, lastebilar, bussar, båtar på hengar, anleggsmaskiner og jernbanevogner, men òg stykkgods som vert lasta med gaffeltruck eller ved hjelp av ein trailer og då ofte i kombinasjon med gaffeltruck. Dette kan gjelda ferjer så vel som reine lasteskip. Bilferjer kan òg definerast som roroskip.

Thumb
Ein dobbel akterport.
Thumb
Eit skip med baugport (MS «Christian IV» i Kristiansand 2006).

Tidlegare hadde enkelte tilfelle av denne skipstypen store portar i baugen som gjekk nesten ned til vasslinja. Denne typen er rekna som ein risikabel konstruksjon. Dersom porten vart utett og vatn trengde seg inn i lasterommet, ville det i sjøgang samla seg vatn på dekket som raskt kunne flytta seg frå side til side og skapa ustabilitet med mogleg kantring som konsekvens. Dette skjedde med MV «Princess Victoria» i 1953, der 132 menneske omkom, MS «Herald of Free Enterprise» i 1987, der 193 menneske omkom og «Estonia» i 1994, der 852 menneske omkom.[1]

På nyare roroskip er rampen plassert atter på skipet, og nokon skip har sideramper.

Remove ads

Bilskip

Bilskip eller bilfrakteskip er ei form for roroskip som hovudsakleg vert brukt for å transportera nye bilar frå bilprodusenter til bilmarknadane i dei ulike landa rundt i verda.[2]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads