Rose of Cimarron
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rose of Cimarron er det niande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1976.
Remove ads
Bakgrunn
Den tidlegare Loggins & Messina-saksofonisten og felespelaren Al Garth kom inn i bandet for dette albumet, men slutta kort tid etter på grunn av krangling med bandet. Tittelsporet vart ein av signaturlåtane til bandet, og vart seinare spelt inn av Emmylou Harris på albumet hennar, Cimarron. Det gamle selskapet til bandet, Epic Records, gav ut Poco Live berre ein månad før Rose of Cimarron, som skapte forvirring blant kjøparane og gjorde at Rose of Cimarron selde dårlegare.
Remove ads
Mottaking
I meldinga si for Allmusic, skreiv kritikaren James Chrispell: «Countrypåverknaden er nesten heilt borte, utanom på Rusty Young-songen 'Company's Comin'/Slow Poke'. Det er florte melodiar med fine arrangement gjennom heile plata.»[1]
Innhald
Medverkande
- Rusty Young – akustisk og 12-strengs elektrisk gitar, mandolin, banjo, Dobro, pedalsteelgitar
- Timothy B. Schmit – vokal, bass, munnspel
- Paul Cotton – vokal, elektrisk og akustisk gitar
- George Grantham – vokal, trommer, pauke
- Mark Henry Harman – celeste (1)
- Milt Holland – perkusjon (1, 6), vaskebrett (5), marimba (6)
- Tom Sellers – piano, strykearrangement (1)
- Sid Sharp – konsertmeister (1)
- John Logan – banjo (5, 8)
- Al Garth – fele (5, 6, 7, 9, 10), altsaksofon (8)
- Steve Ferguson – piano (6, 7, 9, 10), elektrisk piano (8)
- Annie Emery – klapping (5)
- Jenny Grantham – klapping (5)
- Jennifer O'Keefe – klapping (5)
- Doug Rider – klapping (5)
- Jeddrah Schmit – klapping (5)
- Noreen Schmit – klapping (5)
Remove ads
Produksjon
- Produsent: Poco, Mark Henry Harman
- Lydteknikar: Mark Henry Harman, Doug Rider
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads