Rosenkavaleren
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rosenkavaleren, som på originalspråket tysk heiter Der Rosenkavalier, opus 59, er ein komisk opera i tre akter med musikk av Richard Strauss og libretto (tekst) av forfattaren Hugo von Hofmannsthal.[1][2][3] Handlinga er løseleg basert på Jean-Baptiste Louvet de Couvrais roman Les amours du chevalier de Faublas og Molières komedie Monsieur de Pourceaugnac. Operaen vart uroppført 26. januar 1911 i operahuset Semperoper i Dresden i Tyskland og vart dirigert av Max Reinhardt[2].


Handlinga i operaen går føre seg i eit aristokratisk miljø i Wien ikring 1740, i dei tidlege regjeringsåra til keisarinne Maria Theresia. Operaen har fire hovedpersonar; den aristokratiske marskalkinna prinsesse Marie Thérèse von Werdenberg, hennar 17 år gamle elskar grev Octavian Rofrano, hennar brutale fetter baron Ochs, og Ochs sin moglege trulova Sophie von Faninal, dotter av den rike herr von Faninal. Etter framlegg frå marskalkinna opptrer Octavian som Ochs' «rosenkavaler» ved å overbringe ei seremoniell sølvrose til Sophie. Men Octavian og Sophie vert forelska i kvarandre og det vert ein komisk intrige når dei freistar å løyse Sophie frå trulovinga med Ochs og kopla Octavian med Sophie.[4]
Rosenkavaleren er kjend for si framsyning av dei kvinnelege stemmane hos den lyse lyriske sopranen Sophie, mezzosopranen Octavian (som også er spelt av ei kvinne) og den eldre dramatiske sopranen marskalkinna. Dei syng fleire duettar og også ein trio i operaens sluttscene.
Det er gjort mange innspelingar av operaen og han vert jamleg framført.[5]
Remove ads
Roller
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads